Blomane

Dette barnehageåret har me på Blomane ei gruppe med 24 barn i alderen 3-6 år. Me er tilsaman 24 barn og 4 vaksne i grunnbemanninga. I tillegg har me ekstraressursar. Ein spesialpedagog frå spes.ped.teamet er òg innom ein dag i veka.

Barna sine liv er ofte styrt av vaksne både i barnehagen og i fritida elles. Me ser at mange av barna som veks opp i dag slit med å finna på noko å gjera på eiga hand. Me ynskjer å ha fokus på barna sin medbestemmelse og vera lyttande til deita ynskjer utan å vere deira "aktivitørar" eller "tenarar".

Leiken inneheld læring på uendeleg mange plan, t.d. kreativitet, tal, språk og ikkje minst sosial trening.
Me ynskjer ein spanande kvardag med leiken i sentrum. Personalet vil leggja til rette for at barna skal ha ein kvardag som er god, trygg og utfordrande samt å gje støtte og rettleiing til å utvikla gode sosiale eigenskapar.

Mob.nr til Blomane: 47 46 55 71

Mailadressen: tryggheim.blomane@pregbarnehager.no

 

Helsing oss på Blomane